Informasjon

Min side
Tid
Onsdag 28. oktober 2020 kl. 12.30 - 14.30

Covid-19, det grøne skiftet og framtidas næringsliv i Vestland – ei scenarioanalyse

Kven vil overleve, kven vil aldri bli det samme og kven vil vere sterkare enn nokon sinne? Eit partnarskap av private og offentlege aktørar peikar på ulike vegar ut av Covid19. Dette vil du ikkje gå glipp av!

I over seks månadar har næringslivet i Vestland stått midt i ei krise som er ulik alle andre kriser vi har vore gjennom tidlegare. Planar og strategiar for 2020 og framover blei lagt til sides. Kampen står no om å posisjonere seg i marknaden, og for nokon om  å overleve. Samstundes må vi ha eit auge på korleis verda vil sjå ut når vi kjem ut i andre enden.

Krisa har akselerert prosesser som alt var i gang, med netthandel, digitalisering og mindre reising utanlands. Samstundes har grøn omstilling blitt trekt fram som hjørnesteinen i gjenoppbygginga.

  • Men kva betyr dette heilt konkret for næringslivet i Vestland?
  • Korleis skal vi vinne fram i konkurransen og ta vår plass i framtidas næringsliv?
  • Og ikkje minst: kva barrierar står i vegen for at vi lukkast?

Ein partnarskap samansett av Vestland fylkeskommune, NHO, LO, KS, NAV, Bergen Næringsråd, Næringsalliansen i Hordaland, Sogn og Fjordane Næringsråd og Bergen kommune har gått saman om å få utarbeida ei scenarioanalyse for næringslivet i Vestland. Analysen er gjort av Ernst & Young i tett samarbeid med partnarane.

Det vil bli framlegging av hovudfunn frå analysen og paneldebatt. Detaljert program kjem snart. Arrangementa vil også bli strømma.

MELD DEG PÅ HER

Kontakt

{{ forms.contact.errors.get('name') }}
{{ forms.contact.errors.get('email') }}
{{ forms.contact.errors.get('message') }}
{{ forms.contact.errors.get('recaptcha_token') }}